tirsdag 8. november 2011

Hausten

brått vart det haust
vinterveden ligg tørr i skjulet
hytta stend ferdig etter
sumartida kjem mørkret som ein ven tidleg
fer seint bekkane flaumar regnvatn
silar ned vindauga
pujan tek kvile stendig lengre sjølv
om maten ikkje er oppete og mjølkeskåla tom
duren frå varmen i vedomnen blandar gitarspel
ein dag i november finn vegen
ein stad nær sjølvet som
ventar eg
på vår att

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar